De siste årene har poesien fått større og større betydning for meg. Tekstene, diktene og sangene til lyrikere som Hans Olav Mørk, Hans Johan Sagrusten og ekteparet Anne Kristin og Sven Aasmundtveit har båret meg gjennom knalltøffe sykdomsdager. Jeg har bokstavelig talt overlevd på dem. De har gitt meg et språk som har hjulpet meg gjennom natten.
En bok jeg stadig vender tilbake til er: R.S Thomas: 'Ein stad mellom tru og tvil', dikt i utval.' Det er Hans Johan Sagrusten som står for den nydelige gjendiktingen av denne walisiske dikteren. En av årsakene er den hudløse ærligheten og sårbarheten til Thomas.
Her er et av hans dikt som betyr mye for meg:
I kyrkja
Ofte freistar eg
å analysere innhaldet
i denne stilla. Er det her Gud gøymer seg
når eg leitar? Eg har vorte att for å lyde,
når dei fåe menneska har gått,
til lufta som fell til ro att
før nattmessa. Ho har venta slik
sidan steinane samla seg kring henne.
Dette er dei harde ribbeina
til ein kropp som våre bøner ikkje makta
blåse liv i. Skuggar kjem fram
frå krokane sine for å ta over
stillingar ljoset heldt
ein times tid. Skinnvengene tek opp att
verksemda si. Uroa i benkene
stilnar. Ingen andre lydar
i mørkret enn den av ein mann
som pustar, som prøver trua si
mot dei tome, som naglar spørsmåla sine
eitt etter eitt til ein kross der ingen heng.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar