torsdag, april 02, 2015

Eg har ein draum om Noreg

Jeg fikk del i denne drømmen på Den nasjonale bønnekonferansen på Grimerud. På storskjerm med den umiskjennelige stemmen til Erling Thu. Den grep meg, og etter som tiden har gått, kjenner jeg den sitter i kroppen. Som profetiske ord som brenner med hellig ild.

Erling Thu er en stemme jeg gjerne lytter til. Hans levde liv bærer i seg et sterkt vitnesbyrd om trofasthet, mot, tydelighet og noe visjonært som tåler en prøve. Med hans tillatelse gjengir jeg her 'draumen'. Bildet er tatt på Hedmarktoppen i forbindelse med et av sommerstevnene til Kristent fellesskap. Vi sitter her på benken utenfor kafeteriaen sammen med Erlings kone, Solveig. Bildet er tatt av min kone, May Sissel.

Eg drøymer om at landet vårt kristnast frå innsida og ikkje gjennom ytre makt eller privilegium. Eg drøymer om å fylla landet vårt med nære og varme kristne fellesskap. Eg drøymer om at landet vårt skal gjennomsyrast av kristen tru og byggjast på kristne verdiar som likeverd, rettferd og kjærleik.
Eg elskar fedrelandet mitt. Her har eg djupe røter som formar identiteten min. Eg reiser til mange land for å fremja Guds rike. Eg har gode venner i alle himmelstrøk. Eg er ein del av den globale landsbyen og kjenner meg ganske internasjonal. Men same kor eg snur og vender på det, så er eg norsk. Den norske kulturarven sit djupt i meg, og hjarta mitt bankar varmt for fedrelandet som eg har store draumar for.
Eg drøymer om Guds rike i landet vårt, at Guds vilje får råda. Eg drøymer om Guds hus bygd på Guds måte, eit bønnehus for alle folk til glede for Gud og menneske. Eg drøymer om Kristi kropp. Eg drøymer om Guds folk. Eg drøymer om eit gudsrikeliv som gjennomsyrar samfunnet, og at Jesus Kristus skal vera Herre over nasjonane.
Eg drøymer om den byen eg bur i og den forsamlinga eg sjølv er ein del av, at me må vera eit senter for fellesskapsbygging og disippelgjering. Eg drøymer om minst éi stor levande forsamling i alle skulekrinsane – i kommunen min, eller at alle har åndeleg fellesskap med folk der dei bur. Eg ønskjer meg store samlingar kor alle kristne i heile distriktet kjem saman til feiring og forkynning fleire gongar i året. Eg drøymer om å kunna trena og senda ut hundrevis av folk som vil planta nye fellesskap kvart einaste år – både i Noreg og i mange andre land!
Eg drøymer om noko som er større enn det kristne fellesskapet i byen eg bur i. Eg ber om grasrotrørsler av fellesskap som byggjer nye fellesskap og levande forsamlingar i kvar einaste bygd i landet vårt. Eg drøymer om at mange menneske skal kome til tru på Jesus, finna plassen sin i kristne fellesskap i nærmiljøet sitt og verta disipla til å vinna nye for Jesus.
Eg drøymer om kristne som er frimodige i å vitna om Guds nåde og formidla Guds kraft, som forkynner evangeliet om Guds rike og vinn nye menneske for Jesus. Eg ønskjer at alle kristne minst ein gong i livet er med på å starta eit nytt fellesskap og ei ny forsamling. Eg drøymer om nye forsamlingar som ber frø i seg til fleire nye fellesskap, levande fellesskap som byggjer nye fellesskap som blir opplevd som Guds gåve til nærmiljøet der kvar familie som blir frelst blir opphav til eit nytt fellesskap, fordi alle kristne familiar startar kristne fellesskap der dei bur. Eg ber om mange nye kristne fellesskap i alle nærmiljø, så me får eit fellesskap for kvar 500 menneske i byane, og i kvar einaste lita bygd på landet, så alle kristne tilhøyrer eit levande fellesskap i gåavstand frå der dei bur.
Eg drøymer om at statskyrkja skal avskaffast heilt og fullt, og at ingen trudomssamfunn skal finansierast av staten. Eg drøymer om at landet vårt kristnast frå innsida og ikkje gjennom ytre makt eller privilegium. Eg drøymer om å fylla landet vårt med nære og varme kristne fellesskap. Eg drøymer om at landet vårt skal gjennomsyrast av kristen tru og byggjast på kristne verdiar som likeverd, rettferd og kjærleik. Eg drøymer om at komande ætter skal syngja dei gode fedrelandssalmane våre i bønn til Gud og med varme kjensler i hjarta og tårer i auga.

Ingen kommentarer: