fredag, mai 29, 2009

Bønn og bleier - det hellige og det hverdagslige



Fader Christoforos Schuff (bildet), ortodoks prest, opprinnelig fra Sacramento i California, bidrar med en innsiktsfull artikkel i siste nr av magasinet Strek. Her skriver han om "bøn og bleier", om hvordan det åndelige og det hverdagslige går hånd i hånd. Jeg fant artikkelen så interessant, og jeg tror mange av oss vi kjenne oss igjen i det fader Christoforos skriver, så jeg bringer den her:

"Kvardagen min er eit manfaldig skjeringspunkt. Ein stad der ting som tilsynelatande ikkje har noko felles kjem mot einannan, vert fletta saman ei kort tid og skil lag att. På den eine sida er det ikke noko mystisk med dette, berre kvardagen åt ein småbarnsfar. Bøn og bleier gjeng hand i hand. Andelege samtaler med kona vert avbrote av barnegråt. Eller av glede. Ei teikning som eldstejenta vil visa oss.

Eg elskar Kyrkja og kyrkjer. Ikona og arkitekturen - vakre uttrykk for tilbedinga sin teologi. Uttrykk for møtet mellom himmel og jord. Mang ein gong har eg sete i katedralar i Tessaloniki eller små kapell på øya Mytilene. Eg har òg vore med på store kyrkjefestar så vel som gudstjenester der kyrkjelyden kan henda berre er ei gamal dame og presten. I katedralen finn ein eit vakkert kor, i kapellet er enkja tonedauv. Men både katedralen og kapellet er Kyrkja. Eg har òg vore mykje i kloster og på Athos-fjellet, der menneska i prinsippet skal via livet til Gud gjennom stille, faste, Jesus-bøna og det daglege gudstjenestelivet. Og så har eg opplevd på kroppen, smakt, høyrd, ja, overlevd kvardagen i ein kristen småbarnsfamilie. Men både den høgakta munketilvera og det travle familielivet er Kyrkja.

Det er dette eg ser på som gåta som ligg i smatidigheita - denne tilsynelatande spenninga mellom det vakre og det banale, det heilage og det verdslege. Helg og kvardag gjeng inn i kvarandre. Og her ser me òg utfordringa ved det samtidige: å verna om det same sinnelaget, uavhengig av heilagdommen rundt oss eller møkka me stend i. Jau, "... det same sinnelaget ... som òg var i Kristus Jesus." (Fil 2,5)

Med dette sinnelaget er midtpunktet alltid Gud, at me søkjer Gud der me er - i kloster, på skule, på jobb, om de skal henta i barnehage eller er midt oppi konfliktar med andre. Kallet, utfordringa er den same om ein er nonne, lekmann, bur i hole eller i leilegheit. Å søkje Gud er òg å leva etter Kristi lære i den situasjonen ein er i til kvar tid. Som Abba Lucius seier:

"Om du ikke fyrst har levd på rett vis medan du var mellom menneske vil du heller ikkje leva på rett vis når du lever i einsemd."

Å vera ei god mor eller ein god ektemann er det same som å vera ei sunn nonne eller ein god munk. Ikke eingong munken skal la bøna kome i vegen for nestekjærleiken. Dei skal hengja saman - samtidig.

"I den grad dei heilage ... gjer framsteg i det andelege, dess nærare kjem dei Gud og kvarandre. Dess nærare dei er Gud, dess nærare nesten." (Den heilage Dorotheos av Gasa)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Dette likte jeg veldig godt. Livet blir så vanskelig når det deles opp i en kristen del og en hverdagslig del. Dette hører da sammen.

Anonym sa...

Om man leser bibelen som den er, og lever ut i fra det i friheten i kristus jesus, det er da det spennende livet med Gud starter. Da "hører" den kristne og den hverdagslige delen sammen.