tirsdag, juli 05, 2022

Å sjå utover havet

Grått hav, uendelig som ei vidde av bøn, ein stig ut på. Dagleg gjennom år let eg augo kvile på det. Venta eg på noko?

Ingen ting anna enn dei stadige bølgjene som er utan meining, kom til synes. Men ein sjeldan fugl er sjeldan. Det er når du ikkje ser etter han, når du ikkje er der at han kjem. Du må slite ut augo, likesom andre gjer med knea.

Eg vart einstøingen på svaberga,sveipt i vinden og i skodda. Det var dagar da tomrommet han hadde fylt var så vakkert, då fråværet var som ei nærvær, eg talar ikkje om det meir, så einfelt vart tanken etter den lannge fasta, mi lange speiding i bøn.

- R.S Thomas (1913-2000), nominert til Nobelprisen i litteratur i 1995, gjendiktet av Hans Johan Sagrusten og gjengitt i boken "Ein stad mellom tru og tvil". Efrem forlag 2013, side 58.

Ingen kommentarer: