torsdag, april 16, 2009

Korleis dela trua og forsvara ho



Jeg vil gjerne gjøre bloggens lesere oppmerksomme på Øystein Lids blogg. Øystein er masterstudent ved Universitetet i Bergen, og skriver velskrevne og innsiktsfulle artikler om kirkens overleverte tro. Fra bloggen hans har jeg fått tillatelse til å gjengi noe han har oversatt, som jeg finner svært interessant og særdeles viktig for oss som er Kristi etterfølgere i dag. Artikkelen er lengre enn de jeg vanligvis publiserer her, men ta deg tid til å lese den! Du vil ikke angre! Jeg gir ordet til Øystein Lid:

Eg har omsett til norsk ein podcast frå Ancient Faith Radio, ved doktor i ortodoks teologi Peter C Bouteneff, om korleis ein kan dela evangeliet med andre, og forsvara det (apologetikk). Og det i ei tid der så mange har vorte desillusjonert av kristendommen, og vendt seg bort. Eit av visdomsorda hans er at kristne må gjenvinna tilliten, før me kan seia eit einaste ord. Me må visa oss sjølv som lyttande menneske. Me må demonstrera til folk at me faktisk høyrer spørsmåla slik dei vert stilt. Og at me er berørt av den same smerta som folk som er desillusjonert av religionen. Gjengitt med løyve frå forfattaren.

«I Peters fyrste brev kapittel, 15 - 16. står det: «Ver alltid budde til å forsvara dykk for kvar ein som krev dykk til rekneskap for den vona som bur i dykk! Men gjer det audmjukt og med age, med di de har eit godt samvit, så dei som lastar dykkar ferd i Kristus, må verta til skammar i det dei baktalar dykk for, som om de var ugjerningsmenn.»

Det greske ordet for forsvar her er ‘apologia’ , og det greske ordet for rekneskap er ‘logos’. Desse to orda er beslekta. Å gi den rasjonelle årsaka til håpet som er i oss. Så i dag er det eit godt høve til å snakka om den rasjonelle bakgrunnen for trua vår. Gjer det audmjukt og med age, står det, så dette er eit høve til å reflektera over kva det betyr. Apologetikk vil bety ulike ting til oss ulike menneske, avhengig av kor me er i livet, kven me er, kva karrière me har, personlegdomane våre og kva menneske Gud plasserer i vår veg kvar dag.

Det imperativet me har til å seia noko om trua vår, gi vitnesbyrd om det håpet som er i oss, å seia noko om Kristus - krossfesta og oppstanden - kjem til å manifestera seg på mange ulike måtar. I samtalar med kollegaer, eller vener, eller høve enkelte av oss vil få til å tala til eit vidare publikum. Kanskje ved å skriva eit brev til lokalavisa. Gi ein eller annan form for offentleg vitnesbyrd, det eksisterer sjølvsagt også.

Så det fyrste steget er verta merksam på dei mogelegheitene, i det dei oppstår. Til å vera klar for dei, til å vera på utkikk for dei. Personleg er ikkje eg typen til å forkynna evangeliet på gatehjørnet. Til dei som måtte gå forbi. Sjølv om det så avgjort er ein gyldig teneste som har tolt tidens prøve. Det gjeld for dei som er kalla til det. Ut frå mine eigne begrensingar eller at eg er sky, eller av betre og meir høgverdige årsakar - likar eg å venta til eg vert spurt før eg seier noko. For meg er det å vera merksam på opningar til å kunna gi folk ei større forståing av det håpet som er i oss.

For sjølv om samfunnet vårt på mange vis er stengt av mot Gud, og spesielt til hans Kristus, har me også alle lagt merke til ei gjennomsyrande søking - i nesten alle menneske - til ei høgare forteljing, ei djupare meining, ein søking til å finna sanninga. Og til og med ei søking etter disiplinen, personleg, indre disiplin som kjem av å møta den sanninga. Veit du?

Steg to er å verkeleg lytta til den personen eller det publikummet du har framfor deg. Dette kjem før me uttalar eit einaste ord. Lytt fyrst. Høyr verkeleg den andre personen. Berre då har me håp om å tala det rette ordet, i den rette tida, til den spesielle personen framfor oss. Apologetikk er eit pastoralt kall. Viss me med pastoralt meiner å lytta før me snakkar. Kanskje det er det det tyder når Paulus manar oss til å forsvara trua audmjukt og med age. Age mot Gud, men også mot det andre mennesket. Eit menneske som Gud har plassert framfor deg. Og som Gud elskar, kor dei måtte vera, og kven dei måtte vera.

Men det å vera merksam og lyttande forutset to andre faktorar. Ein av dei er å vita kven du sjølv er. I alle fall må du vera på veg til å vita kven du er. Gjennom refleksjon, ærleg kontemplasjon, forhold til andre menneske, inkludert med din åndelege far eller mor, må me vera på veg mot å kjenna oss sjølve. Det inneber å kjenna våre begrensingar, og våre gåver. Den andre forutsetningen er at du kjenner evangeliet. Eller vera på veg mot å kjenna evangeliet. Det gjer me ved å lesa i Skrifta. Og spesifikt ved å lesa dei i konteksten av kyrkja, fellesskapet som skriftene oppstod i utgangspunktet. Ikkje alle treng vera teologistudent, eller oppnå full innsikt i teologisk terminologi og alt det. Men alle som set seg føre å gi vitnesbyrd om det håpet me har i oss burde vera opptatt med tankefull, reflekterande og bønefull lesing av det skriftlege Ordet. Som inneheld formuleringa av det håpet som er i oss, ikkje sant?

Men lat oss gå tilbake til lyttinga. Og sjå på kva slags menneske me kan koma i snakk med. Nokre av dei vil vera kristne frå før. Ortodokse kristne for den saks skuld. Og mellom desse er det ein stor variasjon av menneske som - ikkje ulikt oss sjølve - søkjer måtar å koma djupare inn i evangeliet. Eller kanskje dei IKKJE søkjer etter måtar å koma djupare inn i evangeliet, men ikkje desto mindre treng å gjera nettopp det. Så du har mange folk som enten «veit alt» eller trur dei veit alt, men har ikkje noko særleg interesse av å få vita meir enn dei veit. Og du må spørra, kva er inngangsporten til eit slikt menneske?

Kristen apologetikk gjeld også, kanskje meir presserande, til dei som ikkje er i kyrkja i det heile. Det store fleirtalet av folk me møter vil vera dei som ikkje er dedikert til Den ortodokse kyrkja eller noko kyrkje. Dei vil ikkje ein gong ha tenkt tanken. Slike folk vil kanskje sjå seg sjølv som svært åndelege. Og dei seier: «Eg ber. Eg er ein åndeleg person. Men eg likar rett og slett ikkje kyrkja». Dei vil kanskje også vera veldig sinte på religion, og den kristne kyrkja spesielt. Dei har kanskje til og med gode grunnar til å vera sinte. Lat oss tenkja på nokre av spørsmåla ein kan få frå denne gruppa menneske. Veldig vanlege spørsmål, og veldig forståelege spørsmål: viss det finst ein Gud, kvifor tillet han vondskap og liding. Eller: «Kvifor er du i mot forsking på stamceller? Forsking på stamceller kan kurera tallause sjukdomar - kva er problemet ditt?» Eller: «Det finst jo ingen Gud. Har du ikkje lest Dawkins «Gud. En vrangforestilling»? Slutt å bekymra deg, og nyt livet!» Så når du møter denne store sektoren av det ikkjekristne samfunnet, kan du ikkje berre brusa inn med slagord som «omvend deg». Det vil ikkje føra fram.

Lat oss ta eit anna døme. Viss ein del av det me forkynner er ein bodskap mot abort, korleis skal ein gå fram då? For sjølv om me går ut frå at alle har eit slags moralsk kompass, alle er samde om at ein ikkje skal drepa, stela, lyga, driva hor - så kan du ikkje anta at dei vil ha det same innebygde teologiske kompasset som me har. Du kan ikkje anta at deira kompass er stilt inn mot den samme magnetpolen som vårt er. Så i Amerika vil ei stor mengd menneske ikkje sjå det ufødte livet som fullt ut menneskeleg liv. Og fram til dei gjer det, må me gjera mykje meir enn å gå med plakatar der det står «abort er drap». Me må gjera meir som faktisk hever folk sin kunnskap om kva liv er. Og kvifor det allereie er menneskeleg i mors liv.

Og før spørsmålet om abort ligg eit anna spørsmål. Det handlar om sex og seksualetikk. Sjølv om alle oss ortodokse kristne kan einast om at den rette konteksten for sex er eit evig, monogamt, heteroseksuelt ekteskap i kyrkja må me innsjå kor få folk det er som deler desse kriteriene som me har. For folk flest er det ganske enkelt for vanskeleg å halda seg til desse krava, i denne tidsalderen. Det verkar ikkje ein gong fornuftig for dei, det samstemmer ikkje med erfaringane deira, særleg når berre ein minoritet av dei gifte forblir gifte livet ut.

Så dette er berre døme på at me må vita kven me snakkar til, og kva slags samfunn me snakkar til. Og me må gjera orda våre slik at dei vert høyrde av folk - der dei befinn seg. Det tyder ikkje at me vil at folk skal forbli der dei er, me vil jo ta folk til det neste steget framover. Men fyrst må me leggja eit visst grunnlag. Dette grunnlaget kan vera teologisk; kva vil det seia å vera menneske i Guds bilete, kva kan det bety? Me kan også snakka om det vitskaplege nivået, og stilla spørsmål om livets opphav. Korleis oppstod det menneskelege livet? Det finst ulike tankar om det sjølv innan vitskapen.

Me kan også gå inn på eit praktisk eller psykologisk nivå. Snakka om kva sex eigentleg handlar om, at det å ha sex også inneber at ein vert sårbar. Og kvifor det bør tilhøyra den trygge atmosfæra i ekteskapet. Dette er måtar me kan begynna å snakka med menneske som ikkje ein gong har dei grunnleggjande føresetnadene som me har. Om at livet er heilagt, og så vidare.
Me må starta der folk er, sjølv om målet alltid er å få folk til å tenkja ting i gjennom på nytt. Så før me skal prøva å få folk til å tenkja på eit teologisk konsept, kanskje det er bra å rettleia dei til å tenkja på kva det vil seia å vera skapt i Guds bilete. Før me introduserer dei til konseptet om den treeinige Gud, få dei til å vurdera muligheiten for at Gud faktisk finst. Og før dei skal akseptera Kristus, slik han vart forklart av kyrkjekonsila, kvifor ikkje forkynna Kristus krossfesta, og kva det kan bety for nokon i deira liv, når dei tenkjer på sitt eige liv, sin eigen død, si eiga liding.

Mykje av dette kokar ned til liding, gjer det ikkje? Folk har det vondt. Eg kjem til å tenkja på dei flotte orda av St.Philo av Alexandria: «Ver snill mot alle du møter. For alle kjempar ein voldsom kamp». Alle kjempar ein kamp i seg sjølv, alle slit og har det vondt. Så igjen kjem me tilbake til det bibelverset som seier at me skal vera audmjuke og visa age når me forkynner.

Me må tenkja på kor mykje skade som har vorte gjort av andre kristne, stundom også av ortodokse kristne. Til biletet folk har av kva religion er, og kva kristendom er. Korleis påverkar dette vår forkynning? Av og til hender det at me prøver å forklara trua vår til folk som har vorte misbrukt av kyrkja. Og det innkluderer seksuelt misbruk. Det inkluderer også det du kan kalla teologisk misbruk. Folk som har vorte truga med ein Gud som skal straffa dei med fysisk helveteseld viss dei ikkje oppfører seg og trur. Eller folk som har vorte fortalt at dei vil verta bannlyst frå kyrkjefellesskapet viss dei stemde på feil politikar. Eller folk som har vorte fortalt at dei måtte forbli gift med ektemennene sine, sjølv om ektemennene slo dei. Eller folk som har vorte fortalt av biskopen at dei måtte halda ut med presten som hadde misbrukt sonen deira i sakristiet. Eller folk som har vorte oppdregne i den ortodokse trua og vorte skremt til vantru av skandalar dei har møtt på her. Eller folk som vart sjokkert av misjonærar som kom til deira besteforeldre i Afrika og snudde all den eksisterande kulturen på hovudet, jamvel språket. Så det er mange folk der ute som er bitre på religiøse menneske, og spesifikt mot kristne. Dette er ein av grunnane til den oppblomstringa av bøker som argumenterer for ein rasjonell ateisme, som snakkar om kor skadeleg religionen har vore for menneske. Ein tenkjer på Richard Dawkins «The God Delusion», eller Christopher Hitchens bok med den utrulege tittelen: «Gud er ikkje stor. Korleis religion forgiftar alt».

Poenget er ikkje at me skal verta unnskyldande kristne, som seier, eg beklager at eg er ein medlem av denne forferdelege, misbrukande trua. Poenget er at me må innsjå at me forkynner til folk som er såra. Og me må fortella til dei, kanskje etter at me har lytta ein heil del, at det som misbrukte dei var ikkje Kristendommen. Det var ikkje evangeliet. Det som utnytta dei, eller truga dei var ikkje det kristne evangeliet. Det er mogeleg at det dei forkastar i religionsutøvinga, forkastar dei med god grunn.

Eg var på ein kaffibar for nokre veker sidan. Eg hugsar ikkje nett kva religionskrig som var i nyheitsbiletet der og då, som fekk innehavaren av kaffibaren til å seia dette, men han sa: «Syns du ikkje religion er årsaka til all vald og krig?» Eg sa til han: «Nei. Eg trur misbruket av religion er årsaka til mykje av verdas vald og krig.». Det er heller ikkje umogeleg at folk vert fråstøytt av det genuine kristne evangeliet. Som er ein skandale i seg sjølv. Bibelen fortel oss det. Det er ei bitter pille å svelja. Men i mange tilfelle har me med å gjera med folk som har eit stereotypisk bilete av kristendommen. Eit bilete som fortel dei at kristendom er antitesen av glede. At kristendommen er antitesen av kreativitet, av eit fullverdig liv. Og derfor kjem dei ikkje ein gong til å lytta til ein kristen forkynnar med opne øyrer. Deira lyttetid har vorte oppbrukt. I mange tilfelle av folk som hadde heilt feil motivasjon, slik at desse menneska har stengt sine vindaugo.
Situasjonen er slik at me må gjenvinna vår rett til å tala. Me må gjera oss fortent til det, før me kan seia eit einaste ord. Me må visa oss sjølv som lyttande menneske. Som lyttar med respekt, kjærleik, med realisme. Me må demonstrera til folk at me faktisk høyrer spørsmåla slik dei vert stilt. At me er berørt av den same smerta som folk som er desillusjonert av religion. Og visa folk at me er i kontakt med noverande vitskap og kultur. Me må vera i denne verda. Sjølv om vår fundamentale bodskap vil visa at me ikkje er av denne verda. Me må visa som Jesus gjorde, at me er i denne verda. Slik som Kristus tok på seg den falne røyndomen av menneskeleg, forgjengeleg liv, i ei bestemt tid og stad - i midtausten - det jødiske livet han tok på seg. Me må på same måte vera borgarar i vår eigen kultur. Det er sjølvsagt ein vanskeleg balanse. Det er ulike måtar å vera «i denne verda, men ikkje av denne verda», og ein må respektera begge dei to polane. I dag snakkar eg mest om kva det vil seia å vera i denne verda.

Dette er også ein føresetnad for kristen apologetikk. Korleis dette vert gjort vil skje ulikt for ulike menneske. Også for ulike publikum. Det minner oss på at me må lytta til dei me skal snakka til. Me treng ei mengd ulike stemmer til å spreia evangeliet. Det må vera ei mengd tilnærmingar til det. Me som kristne apologetar må arbeida saman for å oppfylla Paulus sine ord: For dei alle har eg vorte alt, for i alle fall å frelsa nokre.»

Det koptiske ikonet viser evangelisten Markus.

Øystein Lids blogg finner du her:

http://hovudsaker.wordpress.com/about/

3 kommentarer:

Øystein sa...

Takk for dette, Bjørn Olav. Ein liten korreksjon; eg er ferdig med mastergraden no og jobbar som journalist. Men det er min feil som ikkje har oppdatert "om hovudsaker" på lenge. Det skal no vera korrigert. Elles skal eg hugsa å be for deg når du er på sjukehus. Er det greitt viss eg sender ein privat e-post til deg, forresten? Eg treng dit råd om noko. Det hastar ikkje med svaret...

Bjørn Olav sa...

Bare send en epost!

Anonym sa...

parf ad athuga:)